foto: Katharina Dale Håkonsen Øyvind vart fødd i 1959 og vaks opp med to særs musikalske brødre, Stein og Bjørn Ove, som skulle sette sitt preg på Øyvind si musikalske løpebane. I 5 års alderen kom far heim med eit piano til Øyvind si store lukke. Det vart forsøkt med klassisk pianoundervisning, men til foreldra sin frustrasjon ville guten heller kopiere brødrene sine og spelte eigne versjonar av Beatles og andre ”top 10” melodiar. Øyvind viste tidleg at han hadde ein komponist i ”magen”, noko som kom til uttrykk då veslepus brått gjekk bort når Øyvind var 7 år. Verket fekk namnet ”Veslepus er død” og vart urframført på ein Juletrefest på Volda Lærarhøgskule. Som resten av brødrene vart Øyvind medlem i Volda skulekorps der han var innom ei rekke instrument. I 11 års alderen tok Øyvind pianotimar med Kaltenbach, som meinte det var noko frustrerande at han ikkje las notar, men kopierte det som læraren spelte. Sidan vart det mykje idrett og mindre musikk til Jarle fekk med Øyvind som vokalist i rockebandet Haarek i ein alder av 14 år. Det store musikalske ”kicket” fekk Øyvind sommaren 74 då han i lag med Kyrre Grimstad ”oppdaga” Chick Corea og Return to Forever med LP’en ”Romantic Warrior”. Det vart nitidig lytting og testing av kordar og skalaer- fantastisk.

Elddåpen som keyboardist fekk Øyvind då storebror Bjørn Ove hadde booka ein mnd. speling på Nordfjord hotell sommaren 1974 med ”Lied Brothers”. Til Øyvind sin store frustrasjon måtte han lære seg besifring og Bjørn Ove ga seg ikkje før arbeidet var fullendt. Det vart tøffe tak og intriger slik det blir mellom brødre, men det gjekk bra til slutt. Fram til 1976 var Øyvind med i banda Shiny Lines og Fantasy. Hausten 76 reiste han til Mysen og gjekk på musikklina ved Bondelagets folkehøyskole med lærar Tore Magnus Petterson, kjend for melodien ”Våre små søsken” med tekst av Inger Hagerup. Når han kom heim til Volda var det jobb og skulegang kombinert med danseband til han vart medlem i Anthill i 1979/80.

Øyvind flytta hausten 84 til Molde der han etterkvart vart tilsett som produsent/musikar i Molde lydstudio. Her samarbeidde han tett med Åge Fossum som var teknikar på ”Anthill” og ”Faced to the sea”. Dette samarbeidet fortsette etter at Øyvind flytte til Volda og resulterte i b.la. i ein flott julecd med voldingen Guro Håvik som vokalist. Det bør og nemnast at Øyvind har hatt samarbeid med Beate Lech og ikkje minst Simone i ”D’sound” som Øyvind har hatt mange gode musikalske opplevingar med. Hausten 86 flytte han attende til Volda der han starta studio Liedconsult AS, med reklame, filmmusikk, kasett, single og demoproduksjon. Svein Erik Åmås (Audiofarm) kom til som teknikar, og Kyrre Grimstad vart med under paraplyen ”Studio3” mot slutten av 80 talet. Bror Stein fekk med Øyvind i bandet Five o’clock soul. Liedconsult AS vart lagt ned i 89 og Øyvind kjøpte att noko av utstyret og registrerte einmannsfirma som han drifta ved sidan av ymse småjobbar og speling. I perioden frå 89 til 92 samarbeidde han med komponist Magnar Åm og TV/FILM lina ved Høgskulen i Volda kombinert med musikkutdanning på nemnde høgskule og ”one man band”.

I 1992 omkom storebror Bjørn Ove i ei tragisk bilulukke, noko som sette preg på musikkmiljøet i Volda og Ørsta. Bjørn Ove var eit musikalsk aktivum og ein fantastisk inspirator og pådrivar ikkje minst for Øyvind.

I 93 starta han i lag med kollega Jostein Bjørndal ”Merkesteinsprosjektet”, læring med musikk som verkty, ved Vaksenopplæringssenteret i Volda. Same år vart han dirigent for Åmdalskoret der han slutta i 97. I 94 tok han til som dirigent for Volda Blandakor der han fortsatt er ”sjef”. I 96 vart han tilsett på vokal musikklina på Møre Folkehøgskule, eit engasjement han hadde fram til 2000. Vinteren 2003 vart Øyvind dirigent i det nyetablerte revykoret ”Ervingen”, som har sete i Ivar Aasen si heimbygd. I heile denne perioden frå 93 har han arbeidt med ”Merkesteinsprosjektet”, drive einmannsfirma og arbeidt med utadretta musikalsk verksemd.

Øyvind har mange jarn i elden og har håp om å realisere noko av det musikalske materialet på CD i ikkje alt for fjern framtid. Han spelar jazzinspirert musikk med bror Stein, Eivind Øierås og Odd Magne Gridseth og gjer sporadiske studiojobbar når vener treng koring og keyboard.

Øyvind sine idol: Beatles, Yes, Deep Purple, Chick Corea, Emerson Lake and Palmer, Frank Zappa, Weather Report, George Duke, Dave Grusin og Oscar Peterson.


Rig: Yamaha S80, Kurzweil K2000S, Multimoog m/Roland RE150, Rhodes modifisert av RUFO, Behringer mix, Rufo Bure, Soundprescision S80, ARX Amp

Heimestudio: Cubase SX, Panasonic WRT820, Genelec 1029A/1091A, Lexicon PCM70, Roland Dimension D, OB8, DX7, M3R, Roland S250, SC88Pro, Adat m/Brc

Copyright Westpoint 2003 Til toppen